Kjære Ingunn Yssen, Marie Simonsen og andre ekstremfeministar!
På denne kvinnedagen vil eg kome med ei kunngjering: Eg er stolt av å vere gift eg, og stolt av å vere mamma til tre flotte barn. Eg undrar meg over at de, Yssen og Simonsen, meiner at kvinner ikkje burde hverken gifte seg eller få barn. At de tør å skjære alle under samme kam!
Det største eg har opplevd var nemleg det å bli mamma, å få eit lite skjønt nurk som var min. Eit lite vesen som var avhengig av det eg kunne gje. Eg kunne gjerne ha tenkt meg så mykje rart til tider, å reise, lede eit viktig prosjekt, bety noko for mange. Men akkurat no er det barna mine som er det viktigaste. Gjennom det dei gir meg får eg så uendelig mykje tilbake. Det kan ikkje byttast mot direktørjobbar eller feit konto, eller høg status. Eg vil heller ha glade og trygge barn, enn status akkurat no. Det får så vere at eg taper lønnsmessig på det. Livets konto blir nemleg ikkje tom av å at ein delvis kanskje må prioritere familie framfor karriere i ein kort periode av livet.
Eg ønsker meg og ein karriere, eg skal ikkje legge skjul på det. Men kva er desse 11 åra eg no har brukt på mine små i forholdet til resten av livet? 11 års invistering, år eg aldri hadde fått att om eg hadde stressa meg i hel og prøvd å gjere alt på ein gong.Om eg hadde blitt lykkeleg av det? Neppe. Eg hadde berre forstrekt meg, Og kvifor skal vi kvinner alltid gjere alt på ein gang eigentleg? (Det gjeld menn også. Det burde vore redusert arbeidstid for småbarnsfedre! Iallfall forbud mot å jobbe seg ihel!)
Eg er heldig, det veit eg. Men eg og har tråkka den tunggrodde vegen, med sjukdomsperiodar, svangerskap uten permisjonspengar, økonomisk tap fordi vi valgte som vi gjorde. Yssen, og Simonsen; kvifor ikkje slå eit slag for kvinnene på denne kvinnedagen anno 2010 med å foreslå betre fordeling mellom kvinnene? Kvifor ikkje gje alle kvinner som føder barn ein skikkelig stønad, og meir enn dei latterlige litt over 30 tusen som kvinner uten permisjonsrettigheter får. Gje alle pappaer sjølvstendig permisjonsrettigheter! Norge og Europa treng fleire barn i framtida, med den eldrebølga som ventar bakom neste korsveg.
Eg kjenner det langt inni hjerterota: Eg er mamma- hurra!! Eg er stolt over det. Det finst eigentleg ikkje noko som er større. Korleis skulle pengane og karrieren vere viktigare enn det? Skulle mi lykke bli øydelagt av barna mine? FOR EIN EGIOST eg då hadde vore! Og kor ulykkelig eg då hadde vore. DÅ burde eg ha skjemmes, for slike verdiar kan ein ikkje bygge samfunn på.
Helsing trebarnsmamma,
som vart det frivillig,
til stor glede,
i ganske ung alder,
uten å angre det fnugg.
Solveig Johanne Grønstøl


Vi har en forening: ADHD Norge. Den ble startet av foreldre med barn som har det som den gangen ble kalt MBD. De så et var et behov for et nettverk rundt dem selv og barna. Idag er det fremdeles de samme som driver foreningen. Fra kjøkkenbenken (ja faktisk!) til landsdekkende forening: dette er folk som VET hvem vi med ADHD er!
(ps ADHD Norge: skulle dere lese dette og vil takke meg for god omtale vil jeg gjerne ha en av de kule ADHD t-skjortene ;) Neida, jeg skal kjøpe en selv så fort jeg bare kommer så langt.